Studietilbod i musikk ved HSH skuleåret 2010/2011

februar 9, 2010 av aasmes

Musikkseksjonen ved HSH tilbyr neste skuleår to reine musikkstudier – musikk årskurs og ei spennande 3-årig faglærarutdanning i musikk. Les meir om utdanningane på Høgskolen sine nettsider. I tillegg er seksjonen involvert i den praktiske-estetiske faglærarutdanninga ved HSH. Studentar som tek dette studiet kan ta inntil 60 stp musikk. Ein søker på alle desse studiene via Samordna opptak. Søknadsfrist er 15. april. Når det gjeld faglærarutdanninga i musikk må søkarar til denne utdanninga gjennomføre ein opptaksprøve. Denne kjem til å bli gjennomført i veke 23.

HSH-studentar deltok på støttekonsert

februar 9, 2010 av aasmes

Musikkstudentane ved HSH er aktive folk som ikkje sjeldan er ute og konserter i ulike samanhengar. Eit døme på dette er Daven Belfry Band, som forrige veke var med på ein støttekonsert for Haiti i Stord kulturhus saman med andre sentrale aktørar i kulturlivet på Stord. Les artikkel om konserten i lokalavisa Sunnhordland. Daven Belfry band spelar også på Cafe Moody i Haugesund den 26. februar.

Studietur til London

februar 9, 2010 av aasmes

Studentane på faglærarutdanninga i musikk (1. og 2. klasse) og musikk årskurs skal veka før påske på studietur til London. Programmet er for tida under planlegging, og så langt ser det ut for at studentane kan få med seg konsert med London Symphony Orchestra, blueslegenden Albert Lee, musikal og opera. I tillegg skal studentane på guida tur til Royal Opera House, Beatleswalk og vera publikum på masterclass ved Gulidhall School of Music. Dei skal også halde ein liten konsert i den Norske Sjømannskyrkja. I tillegg blir det arbeidd med å få til eit studiobesøk og vitjing på ein grunnskule i den britiske hovedstaden.

Kreativ workshop på HSH

februar 8, 2010 av aasmes

Den 13. og 14. februar blir det kreativ workshop på HSH der profesjonelle utøvarar og studentar innan dei estetiske fagene møtes til eit tverrfagleg prosjekt. Målet er at ein i løpet av laurdag 13.  i grupper skal lage installasjonar som blir presenterte på ei open visning søndag 14. frå kl 16 – 18. Les meir om prosjektet på http://www.fanari.no/nyheter/22/ Har du lyst og anledning til å delta? Meld deg i så fall på til jfjosne@online.no .

Triveleg Søndagsjam

februar 8, 2010 av aasmes

 

Rockebandet Steem opptrer på Søndagsjammen

Søndagsjammen finn stad på uteplassen Den blå time i Leirvik sentrum ein gong i månaden og er eit tilbod til folk som ønskjer ein scene å spele på og/eller lytte til god musikk. Den 7/2 var nærmast som vanleg studentar og tilsette frå musikkseksjonen godt representerte både på scenen og i salen. Kveldens inviterte bigjester var rockebandet Steem, som består av studentar frå faglærar, 1. klasse og musikk årskurs. Hovedgjest var jazzsongarinna Ingebjørg Loe Bjørnstad. Ho vart kompa av HSH-lærarane Øyvind Husebø (trompet) og Åsmund Espeland (gitar). I tillegg var fleire HSH- studentar oppe og jamma når scenen vart opna for alle. Søndagsjammen er ein ypperleg anledning til å teste ut låtar og stykker ein øver på, og studentane er utruleg flinke til å nytte seg av og støtte opp om arrangementet . Neste jam blir 21/3. Då blir det fri aften med Ian Kolstad (gitar og effektar) og Tarald Tvedten (trommer). I tillegg stiller Vidar Vedå opp med artige viser.

Konsert på Sunnhordland folkehøgskule

februar 5, 2010 av aasmes

Studentane i 2. klasse, faglærar i musikk, heldt 28/1 konsert på Sunnhordland folkehøgskule i Kvinnherad. Folkehøgskuleelevane var så heldige at dei fekk høyre fengjande balkanmusikk presentert av heile klassen samla. I tillegg var det kjempegode konsertinnslag med Daven Belfry band , Seminarien Grooveensemble, vokalgruppa Kanon og jazzgitarduoen Amunds. Takk til Sunnhordland folkehøgskule for den fine mottakinga me fekk! Elevar frå lydlinja ordna god lyd, husmora ved skulen serverte mat til studentane og ikkje minst var elevane ved folkehøgskulen eit kjempebra publikum!

Musikkfestival i HSH sine lokaler på Stord

februar 5, 2010 av aasmes

Lørdag den 27. februar blir festivalen Øyo 10 arrangert i HSH sine lokaler på Stord. Hovednavn på blir blant andre John Olav Nilsen og gjengen, Ingrid Olava og Pogo Pops. Studentar og tilsette frå musikkseksjonen kjem også til å delta på festivalen. I bandet Stereobrigade extragavanza spelar faglærarstudent Pål Ellingsen el-bass og el-gitarist er Ola Rossehaug, lærar i studioarbeid ved HSH. I tillegg skal fleire av lærarane i seksjonen delta i koret i samband med tingingsverket til festivalen – ein hyllest til Bob Dylan.

Lars Vaular med konsert på HSH

januar 30, 2010 av aasmes

Takka vera eit samarbeid mellom Rikskonsertane og HSH, fekk musikkstudentane den 26. januar vera publikum på ei skulekonsertframsyning i Stord kulturhus med den spelemannsnominerte rapartisten Lars Vaular. Dagen etter kom Vaular og musikarane hans ut til HSH og heldt ein lunsjkonsert i hovedbygget på skulen. I tillegg fekk musikkstudentane ein samtale med Vaular der han blant anna snakka om bakgrunnen sin og virkemiddel innan rap som sjanger. Musikkseksjonen får på grunn av avtalen med Rikskonsertane besøk ein gong i halvåret av interessante musikarar frå ulike sjangrar som turnerer i Sunnhordland.

Gravemachine med plateslepp

januar 24, 2010 av aasmes

Eirik Svendsbø, faglærarstudent i musikk ved HSH, syng og spelar gitar i metal-bandet Gravemachine. Bandet er for tida ute med si første plate, ”What lies beneath”, vurdert til terningkast 5 i Haugesunds avis! Den 18. Januar hadde Gravemachine releasekonsert på Byscenen i Haugesund. Kvelden vart ein dundrande suksess, med 250 betalande publikumarar og topp stemning. Den Stord-baserte gruppa D`Accord var gjesteband på konserten. I dette bandet spelar Bjarte Rossehaug trommer – også han er musikkstudent ved HSH. Sjekk ut Myspacesidene til Gravemachine og D`Accord.

Musikkstudentene laga god julestemning.

januar 7, 2010 av aasmes

Årets julekonsertar på HSH gjekk av stabelen 2. og 3.desember. Musikkstudentane heldt to fine julekonsertar i det julepynta trappeamfiet på Rommetveit. Publikum fekk høyra eit variert program der solistar, ulike ensemble og storkor serverte norske og engelske julesongar, fleire jazzlåtar og firhendig piano. Saman med musikken kunne publikum kose seg med julegløgg, pepperkaker og mandariner. Videoklipp frå førebuingane og frå sjølve konserten finn du her .