Studentar på faglærarutdanninga i musikk, 3. klasse, har dei siste to vekene arbeidd med ein familiekonsert som skal presenterast i HSH-byget under Kulturnatt i Haugesund den 21/10 og 22/10. Temaet for konserten er musikk frå Barne-tv, og både ungar og foreldre vil nok nikke gjenkjennande til mykje av det dei får høyre. Studentane hadde i går ein prøvekonsert for Vilvettene barnehage, og både ungar og tilsette sette tydeleg pris på framsyninga. Konserten blir også presentert som musikklunsj i trappeamfiet ved HSH på Stord 26/10 kl 12.15. Vel møtt!
